Brikkene fell på plass - dag for dag

Brikkene fell på plass - dag for dag

Tysdag 26. juni var dei fleste nøkkelpersonane, med tilknytning til Naturligvis 2108, samla til møte på Evje. Fyrst vart det skipa til styremøte i Landbrukets Dag SA. Noko seinare på dagen var det sjølvaste Hovudkomiteen som tok sete kring langbordet. Prosjektleiar Torbjørn Bjoraa leia komitemøtet med stø hand, med klår røyst - og med glimt i augo. Båe augo - samstundes. Dersom vergudane framleis er på godlag, midt i august, så vert Naturligvis 2018 ein minnerik folkefest. Garantert. På bilete, frå venstre: Anne Lill F. Roland (matteltet) Inger Liv Røyter Thoresen (matteltet), Trygve Jokelid (dugnadsgeneral), Torbjørn Bjoraa ( sjef - prosjektleiar ), Torbjørn Helle ( styreleiar), Tore Tveit ( Evjemoen Næringspark ) Bjørn A. Ropstad ( ordførar i vertskommunen - og nestleiar i styret.) Foto: øystein moi

Bjoraa kunne melde at talet på utstillarar passerer fjoråret med god margin. Dugnadslistene er fyllt opp - og i det store matteltet vert det servert god norsk bondekost. På matsetelen finn ein velsmakande og stuttreiste matrettar som lapskaus, komper, rjomegraut og elgburgar. I det vesle matteltet, like i grannelaget, vert det høve til å fylle både kråsen og magesekken med m.a. "Syrisk Gryte" - "Arabisk Kebab" og " Heilsteikt Gimre frå grillen."
Prosjektleiaren tek eit godt tak kring to av sine viktigaste nøkkelpersonar - jentene i matteltet. Inger Liv og Anne Lill ( bilete til høgre.) Heilt øvetydd om at  gjestane på Naturligvis 2018 skal få servert velsmakande og helsefremjande måltid av aller beste slag.

Det er på mange måtar sauen som er i fokus dette året. Då er det vel heilt naturleg at Annemor Sundbø vert å sjå på hovudscena - i hop med rokken og eit par tilhøyrande ullnøster. (Bilete til høgre / foto: øystein moi ).
Stian Espeland vil forrette om kunsten ved å partere eit lam. Sven Reiersen vil klyppe sau, det vert prøvesmaking av ulike pylsevariantar, Karin Tove Netland - frå Sirdal Ullstove kjem me spanande bidrag. Det vert gjetarhundoppvisning, Kystbeitelaget stend på gjestelista og det vert demonstarsjon av både toving og skinntrykk.
"Barnas kokkeskole" er eit populært og etterspurd innslag kvart einaste år. I år vil dei yngste gjestane våre få høve til å lege eigne pylser og eigne lomper.

Me kan og nemne at ei kolonne på meir enn 30 gamle og nostalgiske traktorar brått vil rulle inn på stemneplassen. Eit innslag som garantert vill vekke mange gode minne hjå store delar av den vaksne møtelyden.

Mange spanande kulturinnslag er framleis på teiknebrettet, men brikkene fell på plass. Dag for dag. Bjoraa ( bilete til høgre / foto: øystein moi ) tykkjest ha full kontroll - og han søv godt om nettene. Hjå hovudkomiteen er det godt humør, optimisme og framtidtru.
Utgangspunktet for mat- og landbruksmessa Naturligvis har ikkje vore betre nokon gong.
Me kjem attende med meir informasjon og komplett program når dette er på plass.
Følg med på nettsidsa vår - og på Facebook. Følg med i Setesdølen, i Fedrelandsvennen, i VG - og i vekebladet Hjemmet.
Naturligvis 2018 vert omtala - landet rundt.