Svært gode tilbakemeldinger

Svært gode tilbakemeldinger

Ei uhøgtideleg telefonrunde til nokre av utstillarane som var tilstades på "Naturligvis 2017" på Evjemoen ber bod om ei særs vellukka messe. Ein sosial møtestad, ein viktig salgsarena - og eit vidope utstillingsvindaug for lokalt og regionalt næringsliv. Mat og landbruk medrekna. Åse Ingebjørg Flateland (bilete)var hjarteleg tilstades. (foto: øystein moi )

Hjå Evjemoen Næringspark ser dei  på "Naturligvis" som umåteleg viktig for næringslivet i heile regionen. Ikkje berre for handelsnæringa i Evje og Hornnes.
- Me satsar maksimalt på at messedagane skal verte ei god og minnerik oppleving  for både dugnadsfolk, utstillarar og publikum.
Dette er eit arrangement som og betyr mykje for oss - og me skal strekke og svært lang for at alle skal verte nøgde - og vel så det, seier ein alltid smilande Tore Tveit.