Naturligvis 2018

Naturligvis 2018

Me ser fram til ein ny folkefest i 2018


No ser me alle fram mot ei ny, og vonleg like vellukka messe på Evjemoen neste år. Ein ny folkefest. Både styret - og arrangementskomiteen har så smått byrja planleggjingsarbeidet fram mot Naturligvis 2018.
Tidlegare utstillarar og deltakarar vert kontakta av våre medarbeidarar - og nye, aktuelle samarbeidspartnarar  høyrer frå oss så snart dette let seg gjere.
Naturligvis 2018 vert skipa til i dagane fredag 17. august - sundag 19.august
Har du gode tips, nyttige råd - eller spanande innspel til arrangementskomiteen så tek me gjerne mot slikt på:  post@landbruketsdag.no 
Har du spursmål om arrangementet kan du ringe messetelefonen 97 49 32 00 - eller du kan sende oss nokre velvalde ord på mail: post@landbruketsdag.no
Me vil jamnleg legge ut informasjon og nyhende knyta til Naturligvis 2018  på vår Facebook-side.