Hovudsponsor - kvart einaste år

Hovudsponsor - kvart einaste år

Eva Haugland Åsland tek meg godt i mot på kontoret hennar i Evje sentrum. Banksjefen, i Sparebanken Sør, serverer nykoka kaffe - og fortel meir enn gjerne kvifor dei år etter år vel å vere ein god støttespelar, hovudsponsor for mat og landbruksmessa Naturligvis på Evjemoen.

Eva er banksjef for dei ulike bankfilialane i Åseral, på Bygland, på Hovden, på Evje på Byremo - og i Hægebostad. Banklokale kor du framleis møter venlege og hjelpsame folk på hi sida av kontorpulten. Ein bank kor dei kvar dag vel å setje kunden i fokus - ikkje ein bank kor det er blinkande datamaskinar og uhøgtidelege telefonsvararar som tek i mot kundane.
- Ja det er så himla viktig å vere tilstades i lokalsamfunnet - å vere tilstades kor godtfolk samlast. Det er ofte på slike stader me kjem i god og nyttig kontakt med både nye - og gamle kundar. 
Ho smilar venleg, banksjefen. Ho er tydeleg på heimebane. Veltalande, fagleg sterk - og allstøtt med eit venleg glimt i augo. Båe augo.
- Sparebanken Sør har m.a. mange bønder og andre næringsdrivande på kundelista. Me er på ingen måte ein bank berre for privatkundar. Gjennom finansieringsselskapet Brage Finans er me stadig med på både store og små industriprosjekt m.a. i indre Agder.
 Dalstroka innanfor, som einskilde vel å kalle det.

I dei ulike bankfilialane våre finn du gilde og dugande fagfolk som til ei kvar tid som set kunden i fokus. Som til ei kvar tid er tilstades for å hjelpe ei stadig aukande kundemasse. Frå både bygd - og by.
Eva Haugland Åsland, banksjef i særklasse, gler seg storvegs til å møte både nye og gamle kundar i samband med Naturligvis 2018.